Kinofilm for Superlærling
I Frequency elskar vi å fortelje sterke, visuelle historier – og når vi får moglegheita til å skape ein kinoreklame frå idé til ferdig film, er det berre å kaste seg ut i det!
Denne reklamefilmen for Superlærling er eit perfekt eksempel på korleis vi jobbar som totalleverandør: frå konseptutvikling og regi til filming og redigering.
Vi ville lage ein film som verkeleg inspirerer ungdom til å bli med på det beste lærlingtilbodet i Noreg. Og med fantastiske elevar frå Eid i statistrollene og Leiv Johnny Endal i hovudrolla – i sitt heilt naturlege, autentiske element – fekk filmen akkurat den energien og sjela vi ønska oss.
Superlærling handlar om å opne dører for unge, gje dei ekte erfaring i yrkeslivet og knyte dei til sterke fagmiljø i Nordfjord. Med superbedriftene og kommunane i ryggen står alt klart for å ta imot nye talent – no manglar dei berre søkarane!
Ein stor takk til Nordfjordkompaniet for å satse på framtida – og for ein arbeidsplass som verkeleg brenn for å gi ungdomane masse moglegheiter!
Besøk Superlærling sin nettstad i dag;