Rekrutteringsfilm for Fjord1
Frequency hadde gleda av å produsere filmar for Fjord1 sitt kontor i Florø.
Selskapet ønskjer å rekruttere fleire dyktige medarbeidarar og ville gi eit innblikk i arbeidsmiljøet, kontorlandskapet og kva dei ser etter i nye tilsette. I tett samarbeid med Fjord1, som stod for manus, leverte vi ein heilskapleg produksjon – frå filming og redigering til animasjon – for å skape ein levande og engasjerande film.