Finn di «lilla ku» – og bruk ho overalt!
Marknadsføring handlar om å bli hugsa. Men korleis skil du bedrift di ut i mengda?
I Frequency AS hjelper vi deg med å finne det unike ved di verksemd – det som gjer deg til ei lilla ku i ei grøn eng. Noko som folk legg merke til, hugsar og snakkar om.
Denne prosessen kan vere litt innvikla. Det handlar om å leite fram det som gjer bedrifta di spesiell, og deretter bruke det på alt: logo, fargar, språk, bilete, nettsider, videoar og annonser. Når du har funne «kua di», kan du spele vidare på ho i alt du gjer. Då skapar du ein raud tråd i all marknadsføring, og folk vil kjenne deg igjen – uansett kvar dei ser deg.