Musikkvideo for Jobbpartner Måløy
For Jobbpartner Måløy har Frequency utvikla eit fargerikt og humoristisk reklamekonsept som viser at det er fullt mogleg å kombinere godt humør med godt utval.
Gjennom eit tett samarbeid med kunden leverte vi både musikk, filming og redigering – alt sydd saman til ein sjarmerande og underhaldande musikkvideo med lokal forankring. Oppdraget inkluderte produksjon av ein eigen skreddarsydd låt som løftar fram butikkens identitet og energi, og videoen vart filma med ein leiken, men profesjonell tone som speglar både tilsette og kundeopplevinga hos Jobbpartner Måløy. Målet var å skape ein reklamefilm som ikkje berre informerer, men også engasjerer og spreier smil – og resultatet har blitt ein video folk hugsar.