Velkomne til Frequency AS
Vi ønskjer å vere din lokale marknadsføringspilot med utgangspunkt i vår ekspertise innan design, film og marknadsføring. Frequency er eit vaskekte Nordfjord-selskap og er stolte av å ha vore ein del av det aktive næringslivet her i fjorden i over 10 fantastiske år.
At du skal lukkast er det viktigaste for oss. Målet vårt er å bidra til auka verdiskaping for kvar einskilt kundebedrift, noko som igjen styrker det flotte lokalsamfunnet som bedrifta di er ein del av. Den faglege ekspertisen til dei ulike marknadsføringspilotane våre står til din disposisjon for å nå effektivt ut i marknaden. Målet er alltid å inspirere kundane dine til handling.
Kvart år har vi stor glede av å bidra til å styrke hundrevis av lokale bedrifter, små og store, i deira marknadsarbeid. Vi er gjerne med deg heile vegen frå idé til resultat ved å tenke, skape og inspirere. Vi skal vere nære, vi skal vere fleksible og vi skal vere konkurransedyktige på kvalitet og pris.
Geir Arne Solheim – Styreleiar og senior marknadsføringspilot