Frequency kundar og referansar
Vi har hatt gleden av a jobbe med mange kjekke folk og bedrifter i løpet av åra. Her er nokre få av våre kundar og referansar.
Fjord1
For det store ferjeselskapet Fjord1 har Frequency utarbeidd den årlege selskapsrapporten og levert diverse design og filmproduksjonar.
NOR-WAY Bussekspress
Frequency har hatt gleda av å samarbeide med NOR-WAY Bussekspress på fleire spennande prosjekt. Frå å skape iaugefallande bussdesign som fangar merksemda til passasjerane, til å produsere høgkvalitetsmagasinet «Underveis/På God Vei» og gjennomføre vellykka reklamekampanjar.
Nordvestvinduet
Vi har hatt gleda av å hjelpe vindusprodusenten Nordvestvinduet med å lage selskapspresentasjonsfilmar, visjonar, utvikle digitale løysingar, levere grafisk design og gje rådgjeving av høg kvalitet. Vårt arbeid har bidrege til å sette Nordvestvinduet på kartet som ein leiande aktør i bransjen.
Nordfjordkompaniet
Frequency har hatt gleda av å arbeide tett med Nordfjordkompaniet på fleire nivå, inkludert strategi, grafisk design, filmproduksjon og konseptutvikling for prosjekt som Superlærling og Nordfjordakademiet. Vårt kreative samarbeid har hjelpt Nordfjordkompaniet med å oppnå imponerande resultat.
Havkraft
For bølgekraftselskapet Havkraft har vi bistått med alt fra namneutvikling og logo-utforming til tekstproduksjon, grafisk design, strategi, nettside, SoMe og rapportar. Vårt engasjement har spelt ei viktig rolle i å hjelpe Havkraft med å skaffe kapital og bygge eit sterkt omdøme i bransjen.
UNU
Vi har utvikla den grafiske profilen og nettstaden for entreprenørselskapet UNU. Vårt arbeid har bidrege til å skape eit profesjonelt uttrykk på nett som fremjar selskapet sine unike føremoner.
Sætren AS
Frequency har skapt ei tiltrekkande nettside og ein flott logo for elektroselskapet Sætren AS. Vårt arbeid har hjelpt selskapet med å presentere seg profesjonelt i marknaden.
Sports
For sportsutstyrsbutikken Sports har vi utvikla ein spennande profil og gjennomført vellykka reklamekampanjar på Google som har tiltrekt sportsentusiastar både til fysisk butikk og nettbutikk. Samarbeid med Solid Media på Google.
JobbPartner/Fiskenapp
Vi har skapt engasjerande grafisk design, digitale løysingar, Google- og Meta-kampanjar for klesforhandlaren JobbPartner Måløy og deira nettbutikk Fiskenapp. Vårt arbeid har bidrege til å auke synlegheita og salet. Samarbeidet med Solid Media på Google.
Lefdal Mine
For datasenteret Lefdal Mine har Frequency utvikla ein omfattande pakke med digitale aktivitetar for sosiale medier og nettstaden, noko som har styrka Lefdal Mine sitt omdøme i marknaden.
Eid Motor
Frequency har levert ein omfattande pakke med digitale aktivitetar for sosiale medier og nettstaden til bilforhandlaren Eid Motor. Dette har hjelpt dei med å nå ut til fleire kundar i marknaden.
Nordfjord Takst
Vi har skapt effektive filmar og reklamer for takseringsfirmaet Nordfjord Takst, noko som har bidrege til å framheve deira ekspertise og tenester.
Opera Nordfjord
For Opera Nordfjord har vi vore involverte i spennande filmprosjekt som har bidrege til å formidle operaens venleik og lidenskap.
Dragebygg
Frequency har levert fotografi, prospekt, digitale løysingar for nettstaden og sosiale medium, og grafisk design for byggfirmaet Dragebygg. Dette har hjelpt dei med å marknadsføre seg effektivt.
Firda Vidaregåande Skule
Vi har samarbeidd med Firda vidaregåande skule på filmprosjekt og kampanje på YouTube og TikTok som har bidrege til å framheve skulen sine unike salspoeng, den flotte lokasjonen og det gode utdanningstilbodet deira i samband med rekruttering av nye elevar.
MoWi
Frequency har produsert grafiske designelement for fiskeoppdrettsselskapet MoWi, noko som har bidrege til å hjelpe dei i deira kommunikasjon.
Fjord Miljø
For Fjord Miljø, som er ein dyktig leverandør til akvakulturnæringa, har vi utvikla digitale løysingar og grafisk design som har hjelpt dei med å følgje opp kundane sine meir effektivt. Samarbeid med Segel.
Nordfjord Havn
Vi har utvikla grafisk design for den regionale hamna, Nordfjord Havn, noko som har bidrege til å styrke profilen og omdømet deira.
Toyota Nordfjord
For bilforhandlaren Toyota Nordfjord har vi utvikla filmar, kampanjar for sosiale medium og logo som har hjelpt dei med å nå ut effektivt til nye og gamle kundar.
Vestnorges Fiskesalslag
Vi har bidrege til å lage den årlege selskapsrapporten for fiskehandelsselskapet Vestnorges Fiskesalslag, noko som har hjelpt dei med å presentere suksesshistoria.
Svane Laboratoriet
For butikken Svane Laboratoriet, som utviklar og sel røykjelse, har vi utvikla grafisk design, fotografi og digitale løysingar som har betra deira visuelle uttrykk. Samarbeid med Tinkr.
Rjukan Interiørsenter
Vi har utvikla nettstad, brosjyrer og grafisk design for interiørbutikken Rjukan Interiørsenter, noko som har bidrege til å tiltrekke kundar og auke salet for bedrifta. Samarbeid med Tinkr.
Ulvesund Elektro
Frequency har utvikla logo, profil og grafisk design for elektroselskapet Ulvesund Elektro, noko som har hjelpt dei med å etablere ein sterk visuell identitet.
Vest Auto
For bilforhandlaren Vest Auto har vi skapt ei tiltrekkande nettside som har gjort det enklare for kundar å finne informasjon og ta kontakt for biljøp og service.
OFS Norge
Vi har bidrege til kapitalinnhentingsprosjektet for det landbaserte oppdrettsfirmaet OFS Norge, noko som har hjelpt dei med å finansiere vekstambisjonane sine. Samarbeid med Dealflow.
Kitemill
Frequency har gjennomført reklamekampanjar for kapitalinnhentinga til den luftbårne vindenergiprodusenten Kitemill, noko som har bidrege til å tiltrekke investorar. Samarbeid med Folkeinvest.
Basisball
For treningsfirmaet Basisball har vi gjennomført effektive reklamekampanjer og gjeve seniorrådgjeving, noko som har hjelpt dei med å tiltrekke seg kundar og vekse som selskap. Samarbeid med Innovasjon Norge.
Hotell Alexandra
Vi har laga trykksaker for det eksklusive hotellet Hotell Alexandra, noko som har bidratt til å formidle elegansen og gjestfridomen deira.
Stadyard
Frequency har laga film og levert grafisk design for verftet Stadyard, noko som har hjelpt dei med å presentere prosjekta og tenestene sine på ein effektiv måte.
OKFH
Vi har utvikla grafisk profil og slagord for Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruksfag (OKFH), noko som har bidrege til å framheve deira engasjement for utdanning og arbeidstrening.
Trollskogen Barnehage
Frequency fikk vere med på å utvikle det grafiske designet til diverse trykksakar i høve det nye konsept deira «Trollskogenloven».
ReMona
Vi har designa logo, nettbutikk og visittkort for ReMona, som driv blant anna gjenbruk og opptrekking av gamle og nye møblar.
Nordfjordull
Frequency har designa logo, etikettar og nettstad for Nordfjordull. Vi har også levert produktbilete i samarbeid med Torheim Visuals.