Annonsering som skapar resultat

Alle kan enkelt sette opp ei annonse i dag – AI og plattformer som Facebook gjer det lett å sponse innlegg. Men skal du verkeleg treffe dei rette folka med eit profesjonelt uttrykk, treng du fagfolk.

I Frequency AS hjelper vi deg med:

  • Strategisk rådgiving – kva bør du seie og korleis bør du seie det?
  • Grafisk utforming – annonser som skil seg ut og fangar merksemd
  • Rett kanalval – Google, aviser, Meta, YouTube, papir eller video?
  • Budsjettfordeling – mest mogleg effekt for pengane

Målet er å kostnadseffektivt nå ut til dei rette folka – slik at du får fleire kundar og betre business. Gode annonser med god frekvens skapar resultat. Ein enkeltannonse kan gi eit lite løft, men for å bli hugsa må du vere synleg igjen og igjen. Kvifor trur du Coca-Cola er dei i verda som brukar mest pengar på annonsering? Alle veit kva Coca-Cola er – men dei tek ikkje sjansen på at nokon skal kome og stjele posisjonen deira.

GODE ANNONSAR FØLGER AIDA-MODELLEN:

  • Attention – få folk til å stoppe opp
  • Interest – vekkje nysgjerrigheit
  • Desire – skape lyst til å vite meir
  • Action – få dei til å gjere noko

CALL TO ACTION ER NØKKELEN – FOLK MÅ FÅ VITE NØYAKTIG KVA DEI SKAL GJERE.

BLI SETT. BLI VALD.

Du kan ha verdas beste produkt – men viss ingen ser deg, hjelper det lite. Annonsering handlar ikkje om å rope høgast, men om å vere synleg på rett stad, til rett tid – med rett bodskap. Gode annonsar byggjer på strategi og kreativitet.

Vi i Frequency hjelper deg å finne målgruppa, kanalen og bodskapen – og formidlar det med design og innhald som faktisk får folk til å handle. Vi leverer kampanjar på nett, i print og utandørs – frå idé til ferdig produkt. Vil du bli vald? Då må du først bli sett – og hugsa. Vi gjer annonsekampanjane dine synlege, slagkraftige og målretta.