Film som gjer inntrykk – på profesjonelt nivå

Video er blitt den viktigaste måten å nå ut på. Med betre internett og sosiale medium overalt, forventar folk rørlege bilete som engasjerer, informerer og skapar kjensler.

I Frequency AS leverer vi alt frå korte reels til reklamefilmar og dokumentarar – tilpassa di målgruppe og bedrifta si visuelle profil. Video fungerer fordi det kombinerer ansiktsuttrykk, stemme, musikk og sterke bilete for å fortelje historier og skape stemningar. Kva er vel betre for å selje eit produkt eller ei teneste enn ei visuell oppleving som blir hugsa? Vårt mål er å gjere din kunde interessert frå første sekund. Alle kan filme med mobilen, men skal du ta det til next level, treng du fagfolk.

Vi tilbyr:

  • Strategisk manus – formulert for å treffe målgruppa di
  • Profesjonell filming – med topp kvalitetsutstyr
  • Voice-over og musikk – som forsterkar bodskapen
  • Redigering og etterarbeid – for eit gjennomført resultat

Det handlar om heilskapen. Tenk om Steven Spielberg skulle filma Haisommer med ein mobiltelefon, utan den ikoniske musikken, historien eller gode skodespelarar. Hadde det vore ein suksess? Neppe. Ein god film er eit teamarbeid, og det krev erfaring, strategi og fagleg kunnskap for å lage noko som verkeleg fenger.

VIDEO ENGAGEMENT THEORY I PRAKSIS:

  • Film aukar klikkraten med opptil 80 %
  • Kundar hugsar 90 % av det dei ser – mot 10 % av det dei les
  • Video gir høgare deling, meir engasjement og betre sal

MED FILM BLIR DU IKKJE BERRE SETT – DU BLIR OPPLEVD.

FILM SOM FENGER OG SEL

Folk scrollar, observerer, og scrollar vidare. Slik opplever folk dei fleste inntrykk i dag – til dei stoppar ved ein god film. Ein film som grip, engasjerer – og får ein til å kjenne noko.

Film er det mest kraftfulle mediet for å formidle bodskap, byggje truverd og utløse handling. Bilete, lyd og forteljing gjer meir enn å informere – dei rører folk. Ein god film gjer deg ikkje berre synleg – han gjer deg uforgløymelig.

I Frequency produserer vi filmar som verkar: reklamefilm, bedriftsfilm, animasjon, drone og SoMe-klipp. Vi handterer alt frå idé til ferdig film – skreddarsydd til kundane du vil nå. Vil du bli lagt merke til? Gjer bodskapen din levande. På film.