GEIR ARNE SOLHEIM

START MED EIT SMIL

Start med eit smil av Geir Arne Solheim er ei inspirerande bok om korleis trua på optimismen er eit verktøy på vegen mot å lykkast med å nå måla sine.

Solheim er kjend for det store smilet sitt og den positive haldninga han har til folk rundt seg, og han har vore med på å byggje mellom anna Havkraft, Frequency, Nordfjordkompaniet og tungrockbandet Grimskull.

I denne boka deler han erfaringar frå sitt eige liv og fortel om korleis eit ope sinn og eit smil – og til og med ein stråhatt – kan opne dører, skape relasjonar og hjelpe med å løyse utfordringar. Dette er ikkje ein biografi, det er tvert imot du som står i fokus. Gjennom teori, gode døme og motiverande historier viser forfattaren korleis smilet ikkje berre er eit uttrykk for glede, men også eit kraftfullt verktøy for å møte verda med styrke, tru og optimisme.

Vil du kjøpe boka?

Om forfattaren

Nordfjordingen Geir Arne Solheim (f. 1976) er ein jordnær fyr med eit stort smil. For ulike personar er han kjend for vidt forskjellige ting. Han har erfaring som konseptutviklar, oppfinnar, gründer, marknadsføringsspesialist, kassegitarist, trommis, bassist, tekstforfattar og låtskrivar, bilentusiast, politikar, fotgjengar, badmintonmosjonist, frivillig og ufrivillig, mentor, inspirator og foredragshaldar, styremedlem og arbeidsgivar, journalist og redaktør.

Etter over 30 år med musikk, politikk, organisasjonar, bedrifter, innovasjonar og eigne gründerprosjekt har Solheim oppdaga krafta i å løyse små og store flokar med ei sterk tru på optimismen – og med eit stort smil.